Tuesday, January 30, 2007

I Kings Park

I dag 30.jan. har vi vore i Kings Park, ein stor park rett nord for sentrum av Perth. Veret er fantastisk i dag og. Vi kunne gå over eit stort område og nyte natur,utsikt og mykje meir. Utsikt var det ingen ting å seie på. Her står vi og nyt utsikten ned mot Perth sentrum og skyskraparane der. Så kom vi til eit Aborginersenter der vi hadde ei glimrande guiding av Gunther. Han fortalde ei heil historie om Dei. Vi kjøpte oss litt souvenir Der. Etterpå vart det kos med is og cappucino. Legg ved eit pår bilete som viser litt av det vi såg. Atter ein kjempedag her i Perth. Dagen vart avslutta med mormor (Anne Margrethe) i bassenget. medan undertegnede (Leif) og Gunther gjekk på treningsstudio. Vel, det var litt av dagens opplevelser og vi håpar at alle som les bloggen kosar seg. Det kjem meir stoff, so følg med.

No comments: