Wednesday, January 31, 2007

Bading i det sørindiske hav

I dag er det den 31.jan. Kva gjer ein når gradestokken kryp oppover 30-talet. Akkurat, då reiser ein avstad og badar. Vi reiste til city beach, ei strand vi har vore på tidlegare. Det artige er at den ligg ved det sørindiske hav. Vi legg ut ein del bilete, og let dei tale for seg:

Etter mykje bading, og etter at Gunther har lert undertegnede(Leif) og surfe på bølgen, tok vi oss eit slag yatzy. Bading og soling gjer svoltne kroppar. Kva trur De menyen vart. Jau, akkurat. Fish and chips....... veldeg godt. Sunniva har vore med i heile dag, og er også veldeg svolten innimellom. Ja, dette er noko av våre opplevelsar i dag. Timane strekk ikkje til.

Tuesday, January 30, 2007

I Kings Park

I dag 30.jan. har vi vore i Kings Park, ein stor park rett nord for sentrum av Perth. Veret er fantastisk i dag og. Vi kunne gå over eit stort område og nyte natur,utsikt og mykje meir. Utsikt var det ingen ting å seie på. Her står vi og nyt utsikten ned mot Perth sentrum og skyskraparane der. Så kom vi til eit Aborginersenter der vi hadde ei glimrande guiding av Gunther. Han fortalde ei heil historie om Dei. Vi kjøpte oss litt souvenir Der. Etterpå vart det kos med is og cappucino. Legg ved eit pår bilete som viser litt av det vi såg. Atter ein kjempedag her i Perth. Dagen vart avslutta med mormor (Anne Margrethe) i bassenget. medan undertegnede (Leif) og Gunther gjekk på treningsstudio. Vel, det var litt av dagens opplevelser og vi håpar at alle som les bloggen kosar seg. Det kjem meir stoff, so følg med.

Monday, January 29, 2007

På stranda



I dag er det 29. jan. Det var tid for eit besøk på stranda. Vi vart skyssa standsmessigt dit i Forden til Jeanette og Gunther. Jeanette var sjåfør, medan Gunther var barnevakt for Sunniva. Her på stranda var det kjempeflott, med grasplen og sand alt etter eige ønskje. Havet er azurblått laaangt ut..... Sola her i Perth er nok noko sterkare enn vi er vande med, så litt smurning må til. Men litttttt brune(raude) vart vi.Her var vi i fire -fem timar til Jeanette henta oss i forden att. Seinare på dag var det klart for grillmiddag i ein av dei flotte parkane her i Perth. Veldeg fint tillaga med faste gassgrillar, og benkar-bord der ein kunne nyte måltidet.Måltidet var førsteklasses biffar med grønnsaksalat, og god Australsk potetsalat. Etterpå bar det nordover langs kysten. Heilt fantastisk utsikt. Undertegnede supa til seg inntrykk av både utsikt og hagar(hus). Vi stoppa ved eit av dei mange utsiktpunkta.Ja dette var litt av det vi har gjort i dag. Ei stor takk til Jeanette og Gunther for transport og omvisning.

Sunday, January 28, 2007

Vårt første døgn i Perth.

Ein kort presentasjon av vertsfolket. Jeanette er datter av Anne Margrethe, som er gift med Gunther. Dei har ei lita datter som heiter Sunniva. Begge dei voksne studerer her i Perth, mens den småe nyter livet.Ei stor takk til dei for at vi for vere her hjå dei i tre veker.
I går var vi på marked. Der var mykje folk, og mykje fint og sjå (og kjøpe). Men desverre var det litt for varmt for Sunniva, so vi reiste tidleg heim att. Seinare på ettermiddagen gjekk vi tur. Skulle gå rundt eit vatten med mange fuglar og slangar og sånt. Men naturen spelte oss eit nytt puss. Forrykande torever.
Men ein tur i bassenget fekk vi iallefall. Deileg var vi samde om. I dag 29.jan er det bading på programmet. Det skal bli godt. Følg med.

MELLOMLANDING I SINGAPORE.

Etter å ha reist frå Stavanger i snøstorm, mellomlanda i Amsterdam i pøsande regnver var det godt å lande i Singapore. Den temperaturen. Etter ein kopp cappucino og røyk, var vi klare til å reise vidare til det store målet(Perth i Australia).
På det flyet vart vi oppvarta med mat og drikke (som kongelege).Etter 5 timar landa vi i Perth (målet for den store reise. Tenk her skal vi vere i tre veker).Der vart vi tatt imot av vertsfolket Jeanette, Gunther og vesle Sunniva.
Det vert meir stoff på bloggen etterkvart. Følg med.