Sunday, February 25, 2007

Heimreise 16.feb.

So er dagen komen då turistane må vende nasen heimover mot nord. Men først måtte vi ein siste gong på marked. Vi pakka bilen og reiste til bydelen Subiaco. Der såg Gunther og undertegnede på nokre godsaker men standhaftege som vi er, kjøpte vi ingen ting.. Etter kaffipause reiste vi til flyplassen. Der benka vi oss for å ta eit siste lagbilete her i Perth. Det å ta farvel er triste greier men samtideg heilt nødvendeg. Ferien er slutt. Innsjekkinga gjekk greit. Etterpå leita vi fram GATEN vår. Den fann vi fort ja til og med flyet. Vi rusla litt rundt og såg på litt av kvart før det bar gjennom pass og sikkerhetskontroll. So var det berre å sette seg på flyet. Her trur vist undertegnede at han har liten tid... Turen gjekk til Kualu Lumpur og tok ca. fem timar. Der måtte vi vente i eit par timar før vi tok fatt på den tolv timars lange turen til Amsterdam. På grunn av teknisk svikt har vi ingen bilete frå denne plassen. Her er vi i flyet til Amsterdam.. Å flyge i tolv timar er ikkje so gale når ein flyg om natta. Då søv ein vekk halve turen. Det er når ein kjem til Amsterdam og skal skru klokka åtte timar tilbake at ein får litt problem. Dette er nokre bilete frå flyplassen i Amsterdam. Siste etappe er i gang. Ein og ein halv times tur til Sola flyplass. Der var det fem grader, surt og kaldt. (Tankane gjekk til varme Australia) Anne Lill kom og henta oss og køyrde oss heim. Stor takk til ho. So er kampen med aklimatisering grunna stor tidsforskjell i gang. Det tek ca. ei veke. Dette er slutten på VÅR LIVS REISE. Vi har hatt tre fantastiske veker i Perth. Atter ein gong ei stor takk til Jeanette, Gunther og Sunniva for at vi fekk vere der med dei. Tusen takk for køyring, omvisning etc. Til slutt vil vi helse til alle lesarane våre og takke for denne gong.

Sunday, February 18, 2007

Vinsmaking i Swan Valley 15.feb.

I dag reiste vi til Swan Valley for å smake på vin og kanskje kjøpe litt. Swan Valley er eit stort vinmarkområde nokre mil frå Perth. Vi besøkte to slike plassar. Her er frå den eine.... So til den andre.... Ikkje alt vi smakte på falt i smak, men vi kjøpte litt raudvin som vi likte.. Der var og ein sjokoladefabrikk i området. Der kunne vi og smake og kjøpe.. Sunniva var som vanleg blid etter å ha fått mat av mammaen sin.. Etter at vi var komt heim att, fant turistane ut at dei ville avslutte kvelden med ei flaske vin ved bassenget. Dette for å markere at det var siste kvelden her i Perth... Nok ein fin dag var til ende. I morgon er det klart for heimreise.

Saturday, February 17, 2007

Stranda+++++14.feb.

I dag er det klart for stranda att. Alle var med i dag. Her vart det soling og bading. Gunther bada, medan kongen av havet passa på..... Sidan vi har vore her i snart tre veker, har vi fått ein tradisjon med fish and chips kvar onsdag. Sånn vart det i dag og... men her var også mykje anna fint å sjå... Dette var litt av onsdagen. Den var som vanleg ein god dag. og Sunniva var som vanleg veldeg blid.

Tuesday, February 13, 2007

Marapana Wildlife World 13.feb.

I dag reiste vi til ein plass ved navn Marapana Wildlife World. Det er ein slags dyrehage der dyra går lause i innhegningar. Den ligg ca. 6 mil frå Perth. Veret var som vanleg godt. Her er mange slags Australske dyr som kenguru, lamaer , dromedarer, koalabjørn, slangar, fuglar etc. Det første vi kjem i kontakt med er kenguruen. So var det villhunden Dingoen. Den får undertegnede til å tenke på ein film der den spelte ei stor rolle i...den fekk vi og lov til å klappe. So gjekk vi rundt og knipsa bilete.... struts dromedar snakkandes papegøyer slangar og andre dyr.. So kom turen til koalabjørnen. Den fekk alle lov til å klappe og.... Inne var det ein liten krabat som la sin elsk på klokkeskruen til Gunther... Ja her var mykje fint og sjå. Før vi reiste måtte vi ha litt posering..... På veg heim var vi innom Sunset Beach der vi kjøpte oss litt mat. Her var det og veldeg fint som alt anna her...
Då vi kom heim att, var Sunniva veldeg blid.... Atter ein kjempefin dag som vi må takke vertskapet vårt for at vi har fått opplevd. Ei stor takk til dei.

Monday, February 12, 2007

Sol-bading ved bassenget 12.feb.

I dag har vi slappa av ved bassenget att. Herlegt å ligge å sole seg, for so å rulle seg ut i vatnet for å kjøle seg. Vi var der heile dagen. Seinare på kveld gjekk vi tur. Vi gjekk eit lite stykke mot Herdsman Lake. Der er mykje fugleliv, og fint å gå. Nok ein fin dag.