Friday, February 2, 2007

Avslappinsdag på stranda 2.feb.

I dag bestemte vi oss for å ha ein lang dag på City Beach. Som vanleg vart vi frakta dit i Forden av Gunther. Ein ting undertegnede(Leif) synest er rart, er å sitte på venstre side i bilen uten og ha ratt der. Det er på høgre side p.g.a. venstrekøyring her i Australia. På stranda var det varmt og fint som vanleg. Vi rigga oss til på vår (faste) plass. Nok ein stranddag med azurblått hav og soool. Det skal seiast at det går hardt på faktor 30, men det må til. Vi vert raudare/brunare for kvar dag som går. Herlegt.Vi kosa og sola oss heile dagen, og var heime att i kveldinga. Herlegt med ferie, spesielt i jan.-feb.

No comments: