Saturday, February 10, 2007

Fremantle Market. 10.feb.

Stod brukbart tidleg opp i dag og, sjølvom det var utelivtur i går. I dag reiste vi til Fremantle på marked. Bilen vart parkert, og vi rusla mot markedsplassen. men først måtte vi studere nokre piercingbilete.... nei det var ingen ting for oss. Markedet ligg inne i ein stor bygning. Her kan ein gå å sjå og kjøpe (prøve) mange ting. Undertegnede stod over stunt i dag og kjøpte istaden cappucino.. Handling gjer også svoltne kroppar, så gutane gjekk og kjøpte seg diger bratwurst. Den var veldeg god. Etterpå vart det handla kaffi, og Sunniva fekk seg ny beresele. Dagens store øyeblikk for undertegnede var då han får smake kegurukjøt for fyrste gong. Det fekk vi på ein restaurant tillaga i eit bryggeri. Der kan ein kjøpe mat og drikke og sitte å nyte det i lag med store bryggeritankar. Veldeg flott, so her kjem nokre bilete derfrå..... Sunniva har fått sin vanlege mat og stråler.. men kengurukjøt vil ho ikkje ha. Til dessert var det belgisk vaffel med krem og jordber... nam nam På veg tilbake til bilen, snubla vi over denne Rolce Røysen.. Dette er litt av det vi har opplevt i dag. Kjempebra....

2 comments:

anders said...

hei!ser de er begynt å bli ganske brune!! ekje på tide å komme heim snart eller????neidå tolla.dåke e kjempe fine alle i hop.he he he
syns dåke e kuule so reise på ferie til hi sia av kloden.god helg!!hels
anders

Elisabeth og gutta said...

Hei

Reknar med at de kosar dåke fortsatt sjøl om da ikkje e ferske bilder her...må berre fortelle at da kom 120 små og store på ski-/akedagen vår i dag! Strålande sol og skyfri himmel gjeorde da heile til ein fantastisk dag!!

Klem frå Elisabeth