Saturday, February 10, 2007

Uteliv 9.feb.

I dag var vi oppe passeleg tidleg som vanleg, laga oss kaffi og åt frukost. Vesle Sunniva har fått stell og mat, og stråler som ei sol. Mormor må jo og kose litt med ho.. medan undertegnede skriv blogg. Seinare på dag reiser vi ein liten tur på eit kjøpesenter for å handle litt. Etterpå finn damene ut at dei vil slappe av heime, medan gutane dreg på trening. Ut på kvelden finn turistane ut at dei vil prøve utelivet. Vi vart skyssa til ein uterestaurant. Der var det mykje folk og høg musikk. Det australske ølet er godt og billegt. Vi hadde ein triveleg kveld "på byen". Etterpå skyssa vi oss heim i taxi, og putla oss i seng.

No comments: