Thursday, February 8, 2007

Rottnest Island 8.feb.

Dagen er komen for eit besøk på Rottnest Island, ei øy som ligg 20 km ut i havet ved Fremantle. PÅ 1800 talet vart den brukt som fangeøy for aboriginere som dei kvite på fastlandet sende dit. Ikkje nødvendigvis for forbrytelser, men fordi dei var i veien. Øyas navn kjem av den små rottelignande kenguruen quokkaen. Vi var tidleg oppe i dag for å køyre til Fremantle der båten går frå. Gunther var sjåfør. Jeanette og Sunniva ville slappe av heime, so dei var ikkje med. Veret var som vanleg fint. Turen over tar ein halvtimes tid i småkupert terreng (bølger). So ankom vi Thomson Bay. Etter litt planlegging, vart vi einige om å ta stranda først. Vi fant ei fin strand med mange fine korallrev utanfor. Der fekk Gunther snorkle, noko undertegnede Leif) og fekk tilbud om. Men som den landkrabba eg er, fant eg på andre ting......
Viser her litt bilete... Etter ein 3 timars tid, var det klart for busstur. Då kunne ein ta hopp på-hopp av tur rundt heile øya, som har ein størrelse på 10 ganger 5 km. Vi hoppa av ved the lighthouse (Fyret). Vi hoppa på neste buss. Turen rundt varte ein par timar. Vi hadde og nokre matpausar i mellom øktene våre, der vi smakte på øyas rettar og drakk kaffi/vatn..
Men vi kan ikkje ha vore her uten å ha tatt bilete av dyret som øya har sitt navn i frå. So her kjem dei..... Dermed var det klart for heimreise etter ein lang og fantastisk dag her på øya. Returen gjekk i litt meir kupert terreng, men det er berre moro. Vi har hatt ein god sjåfør, ein god reiseledar og ein god turkamerat i Gunther. Stor takk til han.

2 comments:

anders said...

hei. ser de er flinke å samle opplevingar!helt utrulig løye at de er der nede.da ser ur nett som på film.kjempe fint.eg e inne fleire ganga for dagen og ser på dåke he he..sikkert litt misunneleg kanskje.stå på! kos frå anders

Elisabeth og gutta said...

Heia besten og Anne Margrete

Da ser berre ut som ein drøm...ikkje meir å sei om da!!

Martinius ha endelig lært seg å skriv da longe namnet sitt... da e berre da at han skriv da slik: SUINITRAM!! Sikkert sia han e keivhendt, so me får øve litt meir!!

Klem frå oss i vinteren