Tuesday, February 13, 2007

Marapana Wildlife World 13.feb.

I dag reiste vi til ein plass ved navn Marapana Wildlife World. Det er ein slags dyrehage der dyra går lause i innhegningar. Den ligg ca. 6 mil frå Perth. Veret var som vanleg godt. Her er mange slags Australske dyr som kenguru, lamaer , dromedarer, koalabjørn, slangar, fuglar etc. Det første vi kjem i kontakt med er kenguruen. So var det villhunden Dingoen. Den får undertegnede til å tenke på ein film der den spelte ei stor rolle i...den fekk vi og lov til å klappe. So gjekk vi rundt og knipsa bilete.... struts dromedar snakkandes papegøyer slangar og andre dyr.. So kom turen til koalabjørnen. Den fekk alle lov til å klappe og.... Inne var det ein liten krabat som la sin elsk på klokkeskruen til Gunther... Ja her var mykje fint og sjå. Før vi reiste måtte vi ha litt posering..... På veg heim var vi innom Sunset Beach der vi kjøpte oss litt mat. Her var det og veldeg fint som alt anna her...
Då vi kom heim att, var Sunniva veldeg blid.... Atter ein kjempefin dag som vi må takke vertskapet vårt for at vi har fått opplevd. Ei stor takk til dei.

2 comments:

Tante Lill said...

Hei folkens
Kjempefin blog altså. Vi koer oss med dere hver dag, om vi ikke skriver så mye.
Vi kose osshjemme, men gleder oss til dere kommer hjem.Du har blitt så brun mamma!!
Ta med et dyr hjem til meg
Stor klem

anders said...

hei.skippy!fine dåke e!no skal eg ha ferie i ei veke. skal til dale.
blir sikkert kjekt.
dåke e so heldige!!
hels jeanett og gunther(fin lita jente dei har fått seg)
kos frå anders