Sunday, February 11, 2007

Dåpsdagen til Sunniva 11.feb.

So er dagen komen då Sunniva skal døypast. Det skal føregå i ST.John Lutheran Church her i Perth. Her vart vi tatt i mot med slik varme og utstråling at vi vart heilt avslappa alle saman. Undertegnede var litt spent på gangen i det heile, men det var omtrent som heime. Etter gudstjenesta fekk vi ta nokre bilete. Etterpå reiste vi til bydelen Wembley, der vi tok inn på ein fin restaurant for å nyte eit godt måltid med tilbehør...Der var det ein fin atmosfere og fin temperatur(aircondition). Der fekk undertegnede smake blekksprut for første gang ilag med stor kjøtfilet, scampi og masse salat. Rødvinen var perfekt, og desserten likeeins. Kaffien tok vi utanfor. Der prøvde undertegnede seg på sitronplukking.... Dagen vart avslutta ved bassengkanten... medan Sunniva var trøtt og la seg.... Dette har vore ein dag blanda med alvor og kos. Ein kjempefin dag.

No comments: