Saturday, February 3, 2007

Endå ein dag på stranda. 3.feb.

Vi vakna til ein ny varm dag her i Perth. Rundt 40 grader. Då valde vi nordboere og gå på stranda att. Denne dagen la vi oss heilt nede ved havet, for der var det litt trekk. Puh varmt. Kampen om brunfargen(rødfargen) er i gang for alvor. Anne Margrethe gjekk rett i vatnet for å kjøle seg ned medan undertegnede(Leif) prøvde den leskandes varianten.
Etterpå sola vi oss og storkosa oss. Etter ca fire timar forlot vi sandstranda og gjekk og dusja av oss all sanden. Vi slo oss ned på grasplenen og undertegnede(Leif) gjekk og kjøpte kaffi og vatn. So kom Gunther og henta oss. Seinare på kveld reiste vi alle ut til havet att. Då skulle vi grille og kose oss med eit betre måltid og vin. Her var det mykje folk, alt frå små babyar til godt eldre folk. Alle hadde med seg mat og drikke. Vi stod litt i kø for grilling, men kom ganske snart til. Jeanette var grillmester. Menyen var kjøtfilet med salat etc. Veldeg godt. Vi viser nokre bilete som viser litt av stemninga. Og solnedgangen. Etter at vi var komne heim att, tok vi oss eit slag kjempeyatzy, eit spel utvikla av Gunther. Det må berre nemnast at kjempemesteren vart undertegnede
(leif). Atter ein fin og begivenheitsrik dag her i Perth.

No comments: