Sunday, February 4, 2007

Søndag 4.feb. Bassengkos.

Vi vakna til nok ein varm dag. Etter kaffi og litt frukost, fant vi turistane ut at i dag skulle vi kose oss ved og i bassenget i hagen. Det var ein liten bris som kjølte ned litt, men det var varmt nok. Solfaktor 30 er viktig her i denne sterke sola... Her er det berre å storkose seg. Seinare kom Gunther og viste sine kunster....... Seinare på dag/kveld var det klart for gåtur rundt Heartsman Lake. Ein tur på ca. 2 timar. Der kan ein treffe på mykje fint og mykje skummelt...... men først og fremst var her eit yrande fugleliv. Papegøyer, ender (store og små), høner, moskussvaner etc. Og mange rare lukter. Ein opplevelse.
So var det klart for å gå inn i bushen. Der er det stor sjangse tilå treffe på tigerslangen, den farlegaste slangen i Australia. Den er jo redd for menneske (som den norske hoggormen) men er veldeg agressiv i paringstida. Her må vi gå midt etter vegen og passe på. Her luktar det bush.
Ingen slangar i dag. Istaden ein flokk med halvtamme ender ispedd noken høner.

Dette var ein tur som ga meirsmak, so den skal vi gå igjen seinare. So oppfordrar vi lesarane til å skrive kommentarar. Det er kjekt.

1 comment:

Elisabeth og gutta said...

Hei paps og AM

Me e me dåke also!! Da følest i allefall slik...Og gutane ha fått sett og, dei tykkje da e heilt ubegripelig, men spennande at besten faktisk e inni dataen vår:)Haha
Bli fascinert av dei flotte fargane på bilda, spesielt sjøen...Skjøna at da e verdt å sitte so lenge på fly når målet ser so ut!
Her e da snø igjen, men da gjere ingenting, for til helga ska Barnas turlag i Norddalen.

Kos dåke!

Elisabeth