Thursday, February 1, 2007

Bytur 1.feb.

Vesle Sunniva var tidleg våken i dag og vart bada av mormora si. Det var stor stas for begge to. Gamle kunster var vist ikkje gløymt likevel. Berre sjå. Etter god frukost og tannpuss, sette vi oss i Forden og reiste til Fremantle. Det er ein bydel litt sørover. Litt om og men med å finne parkering, men det ordna seg til slutt.Den første butikken vi går inn i er ein butikk med mange Didgerioo. Det er eit musikkinstrument laga av Aborginera. Det lagar ein brummande, trolsk lyd. Så var det tid for at undertegnede (Leif) gjer ting han ikkje kan........ Dette instrumentet må vi kjøpe, men ikkje idag. Vidare for meir shopping. Som før nevnt, er sola ganske sterk her i Australia. Den kan verte ganske sterk på månen, og når månen er på hauet til undertegnede(Leif), kan det vere bra med ein hatt. Det seiest at snorene som heng ned frå hatten skal halde flugene vekke når ein er i bushen. Vel, vi vart kaffitørste og litt svoltne, so kaffi og gulrotkake kom på bordet. Det skal seiast at kaffien her, den smakar kaffi. Gulrotkaka er den beste vi har smakt. Målet for dagen var å gå på Freemantle market, men det var desverre stengt i dag. I staden rusla vi rundt og supa inn inntrykk. Vesle Sunniva har og fått maten sin no, og kosar seg. Vi andre har tatt ein kopp kaffi og ei flaske vann. ............men det som går inn, må også ut att....... Etter litt slentring til var det klart for å reise heim att. Der laga vi oss god middag. Atter ein dag med masse inntrykk og mykje kjekt. Endå ein gong ein stor takk til Jeanette, Gunther og vesle Sunniva.

2 comments:

Elisabeth og gutta said...

Hei pappa og Anne Margrethe

Vi ser på bloggen kvar dag, og da ser ut til at de har da heilt fantastisk!! Og her e da skikkelig vinter, berre litt misunnelige e vi!!
Fortsett å kose dåke masse, og hels til Jeanette og Gunther og gratuler med ei nydelig lita Sunniva!!!

Klem frå Elisabeth og gutta

mammamormorleif said...

Hei på Doke Elisabeth og Gutta....Tusen takk for helsinga på bloggen Det var kjekt att Doke har fått det til. Då er Doke liksom med på turen...Dette er berre heilt fantastisk. Mange klemmar og helsingar frå turistane og vertskapet.