Sunday, February 25, 2007

Heimreise 16.feb.

So er dagen komen då turistane må vende nasen heimover mot nord. Men først måtte vi ein siste gong på marked. Vi pakka bilen og reiste til bydelen Subiaco. Der såg Gunther og undertegnede på nokre godsaker men standhaftege som vi er, kjøpte vi ingen ting.. Etter kaffipause reiste vi til flyplassen. Der benka vi oss for å ta eit siste lagbilete her i Perth. Det å ta farvel er triste greier men samtideg heilt nødvendeg. Ferien er slutt. Innsjekkinga gjekk greit. Etterpå leita vi fram GATEN vår. Den fann vi fort ja til og med flyet. Vi rusla litt rundt og såg på litt av kvart før det bar gjennom pass og sikkerhetskontroll. So var det berre å sette seg på flyet. Her trur vist undertegnede at han har liten tid... Turen gjekk til Kualu Lumpur og tok ca. fem timar. Der måtte vi vente i eit par timar før vi tok fatt på den tolv timars lange turen til Amsterdam. På grunn av teknisk svikt har vi ingen bilete frå denne plassen. Her er vi i flyet til Amsterdam.. Å flyge i tolv timar er ikkje so gale når ein flyg om natta. Då søv ein vekk halve turen. Det er når ein kjem til Amsterdam og skal skru klokka åtte timar tilbake at ein får litt problem. Dette er nokre bilete frå flyplassen i Amsterdam. Siste etappe er i gang. Ein og ein halv times tur til Sola flyplass. Der var det fem grader, surt og kaldt. (Tankane gjekk til varme Australia) Anne Lill kom og henta oss og køyrde oss heim. Stor takk til ho. So er kampen med aklimatisering grunna stor tidsforskjell i gang. Det tek ca. ei veke. Dette er slutten på VÅR LIVS REISE. Vi har hatt tre fantastiske veker i Perth. Atter ein gong ei stor takk til Jeanette, Gunther og Sunniva for at vi fekk vere der med dei. Tusen takk for køyring, omvisning etc. Til slutt vil vi helse til alle lesarane våre og takke for denne gong.

2 comments:

Gunther Theiss said...

Kjære mormor og Leif! Takk for en flott siste post på bloggen. Det er veldig fint for oss som sitter igjen her i Perth, å få denne beskrivelsen av hjemturen deres. Nå har vi en komplett VÅR LIVS REISE-blogg som vi kan gå inn på og mimre om de tre ukene vi hadde dere her. Det var en kjempefin tid. Når vi går forbi bassenget kommer vi til å tenke på dere. Og når vi setter oss på balkongen. Nå er skolehverdagen vår begynt, det går foreløpig helt fint. Men det er rart å tenke på at det bare er halvannen uke siden vi tok avskjed med dere på flyplassen. De føles som en evighet siden.
Vi snakkes! Klem fra Sunniva, Jeanette og Gunther.

mammamormorleif said...

Hei på Dere alle tre. Ja endeleg fekk vi dette til. Ja, det virker som ein evigheit sidan vi var der. Skulle gjerne ha vore der i tre veker til, men det var den ferien då..... Vi saknar Dere, men det er fint med både data og telefon. Vi snakkast. Klem frå oss.