Monday, January 29, 2007

På stranda



I dag er det 29. jan. Det var tid for eit besøk på stranda. Vi vart skyssa standsmessigt dit i Forden til Jeanette og Gunther. Jeanette var sjåfør, medan Gunther var barnevakt for Sunniva. Her på stranda var det kjempeflott, med grasplen og sand alt etter eige ønskje. Havet er azurblått laaangt ut..... Sola her i Perth er nok noko sterkare enn vi er vande med, så litt smurning må til. Men litttttt brune(raude) vart vi.Her var vi i fire -fem timar til Jeanette henta oss i forden att. Seinare på dag var det klart for grillmiddag i ein av dei flotte parkane her i Perth. Veldeg fint tillaga med faste gassgrillar, og benkar-bord der ein kunne nyte måltidet.Måltidet var førsteklasses biffar med grønnsaksalat, og god Australsk potetsalat. Etterpå bar det nordover langs kysten. Heilt fantastisk utsikt. Undertegnede supa til seg inntrykk av både utsikt og hagar(hus). Vi stoppa ved eit av dei mange utsiktpunkta.Ja dette var litt av det vi har gjort i dag. Ei stor takk til Jeanette og Gunther for transport og omvisning.

No comments: